Det fortalde han i Møre og Romsdal tingrett, som onsdag starta behandlinga av søksmålet frå Sameiget Polarstar mot Arctic Picture ved Mats Forsberg i Tromsø.

I februar 2019 inngjekk dei to selskapa ein utleigeavtale, og målet var at ishavsskuta frå Brandal skulle gå i turisttrafikk langs norskekysten. Avtalen skulle vare til våren 2022. Men i september 2020 heva sameiget Polarstar avtalen, og litt seinare i 2020 valde Willy Nesset å hente båten heim til Hareid.

- Då hadde ikkje Forsberg betalt forsikringa. Eg purra, men fakturaen vart likevel ikkje betalt. I tillegg fekk eg vite at det ikkje var betalt hamneavgift. Det går ikkje an å ha liggande eit fartøy som ikkje er forsikra, det er dødssynd, og eg såg føre meg at eg kunne kome i ei stor knipe viss det skulle skje noko med båten som låg ved kai i Tromsø, fortalde Nesset i retten.

Gjennom Sameiget Polarstar krev Nesset rundt 2,5 millionar kroner frå Arctic Picture for misleghald av avtalen. I søksmålet blir det hevda at leigetakar har brote forsikringsplikta og heller ikkje har betalt all leiga.

foto
Møre og Romsdal tingrett i Volda. Foto: Linda Eikrem

Ishavsskuta Polarstar vart bygd i 1948. I 2008 kjøpte Willy Nesset stålskuta, frakta den til Polen og fekk den restaurert på eit verft der. I august 2017 kom skuta heim til Brandal.

- Det var fleire aktørar som melde si interesse for å leige båten. Vi valde Forsberg, for han kjende båten og hadde vore om bord fleire gongar. Han gav eit godt inntrykk, han hadde planane klare og hadde også gode samarbeidspartnerar. Polarstar skulle vere ein ambassadør for ishavshistoria, og draumen var å gå turar også til Svalbard og Aust-Grønland, sa Nesset.

Advokaten til den saksøkte, Kenneth Mikkelsen, sa i si innleiing at Willy Nesset ikkje har vore ryddig og presis i informasjonen har gav leigetakaren. Den tekniske tilstanden til båten og utstyret om bord står sentralt i saka, saman med spørsmålet om fartsløyvet og passasjersertifikat. I si forklaring avviste Nesset at Forsberg ikkje hatt fått den informasjonen han hadde krav på.

I retten fekk Willy Nesset spørsmål om kvifor det måtte ni mann til for å hente Polarstar heim frå Tromsø. Advokat Mikkelsen meinte det måtte halde med tre personar.

- Det hadde vore nok viss båten skulle flyttast frå ei kai til ei anna kai i Tromsø, men når du skal gå nedover kysten, treng du nok folk til å kunne gå døgnskift, sa Nesset.

Han var sjølv med på turen, som tok tre og eit halvt døgn. Før båten kunne gå frå Tromsø, var det mykje som måtte ordnast, fortalde Nesset i tingretten.

- Eg måtte betale forsikring før vi kunne fare frå kai, og det måtte fyllast drivstoff og olje. I tillegg måtte eg kjøpe nye kart til turen nedover langs kysten, for det var ikkje oppdaterte kart om bord, sa Nesset.

I morgon, torsdag, skal Mats Forsberg, ein tilsett i Sjøfartsdirektoratet, ein skipsmeklar og to frå mannskapet på Polarstar forklare seg i tingretten i Volda.