Ulstein Basketballklubb står bak turneringa, som skal vere ein del av Ulsteindagane. – Vi vil gjerne vise at basketball er ein del av sporten i Ulsteinvik. Samstundes håper vi på å få opp interessa for basket, seier Andreas Trulsen på vegner av Ulstein basketballklubb. Turneringa skal gå føre seg på parkeringsplassen utanfor hotellet i Ulsteinvik. – Dette er ein synleg plass. Samstundes vil vi spele musikk og ha kiosksal. På den måten håper vi at folk ser oss, seier Trulsen.

Streetbasket

Det skal lagast til ei streetbasket-bane. Det skal spelast kun mot ei korg, og på kvart lag skal det vere tre spelarar. – Streetbasket har på ein måte lettare reglar enn vanleg basket, men samstundes er det fysisk krevjande, forklarer Trulsen. Målet er at det skal verte så mange lag at ein kan dele dei inn i tre klasser. Ei juniorklasse for ungdomsskuleelevar (8.-10. klasse), samt ei herre – og ei dameklasse. – Det kjem nok til å verte ein del frå Ulstein basketballklubb som stiller. I tillegg har vi invitert klubbane Åndalsnes og Molde som vi speler mot i serien. Men dette er ei turnering som er open for alle. Vi skal først og fremst ha det gøy, understrekar Trulsen som oppfordrar alle til å melde på lag. Det skal opprettast ei eiga Facebook-gruppe der ein kan melde seg på, eller så kan ein ta direkte kontakt med Andreas Trulsen. Påmeldingsfristen er fredag 29. mai.

Under Ulsteindagane vert det Streetbasketturnering. Denne gjengen oppfordrar folk til å melde seg på. Bak frå venstre: Øyvind Andersen, Eivind Skoge og Andreas Trulsen. Framme frå venstre: Christoffer R<B>. </B>Masters og Eirin Vågen. Foto: (Foto: Ingvild Myklebust)
Streetbasket er underhaldande både for publikum og dei som er med i spelet. Eirin Vågen prøver å få ballen forbi Christoffer R. Masters. I bakgrunnen ser vi Andreas Trulsen.