Årsrekneskapen til selskapet syner eit underskot på 1 252 190 kroner. Dei tre hovudgrunnane til avviket er at rentene vart høgare enn budsjettert, ekstra kostnader med ombygging av husvære i Petterbakken og ny automatikk i Ulsteinhallen. Underskotet blir føreslege å dekkjast inn ved å bruke rentefond og driftsfond. Saka skal opp i Ulstein formannskap tysdag 2. juni.