Anders Riise reagerer ganske kraftig på dette utspelet om dårlegare snøggbåttilbod. Når fylkeskommunen samstundes vil setje inn ei eldre og dårlegare ferje mellom Hareid og Sulesund, blir han provosert.

– Dette er rett og slett ikkje godt nok, slår han fast.

Les også: Opne for rute-kutt

Ber folk engasjere seg

Hareid kommune har nyleg fått brevet frå fylkeskommunen som ber om innspel i denne saka. Kommunen vil leggje brevet ut på heimesida si og på Facebook-sida si så folk får sjå.

Dei ber folk kome med innspel. Innbyggjarane i kommunen vel sjølv om dei vil gje innspel direkte til fylket eller til kommunen. Ordføraren oppmodar folk, fylkespolitikarar og næringsliv om å seie frå kva dei meiner i denne saka.

Hareid formannskap er samla til møte 11. november, same dag som det er siste frist for å kome med innspel. Formannskapet vil der vedta ein uttale.

– Dei kan ikkje seie at dei skal gjere det attraktivt å bu på Sunnmøre, samstundes som dei gjer samferdsletilbodet dårlegare, sukkar Riise.