Under dei «Sju systrene» retta administrerande direktør Kristian Sætre ved Ulstein Verft ei spesiell takk til dei tilsette ved Ulstein Verft.

- Utan innsatsen frå dei tilsette, med prosjektleiar  Tommy Nordhagen i spissen, hadde vi ikkje klart å byggje eit så stort og avansert skip på 18 månader, slo Sætre fast.

Sætre takka også for eit godt samarbeid med reiarlaget Island Offshore.

– På eit så stort prosjekt som dette, er det svært viktig med samarbeidsvilje. Det kan kome endringar heilt opp til leveringa, og det er sjølvsagt krevjande. Men det går, når begge partar er smidige.

«Island Performer» er av typen SX121, og bygg nummer 301 frå Ulstein Verft. Det er 130 meter langt og 25 meter breitt. Om bord er det installert blant anna ei 250 tonns kran, to ROW-ar, moonpool, og eit stort tårn for brønnintervensjon.

Første oppdraget for skipet blir for Statens vegvesen. Skipet skal ta kjerneprøver av botnen der tunnelen til Rogfastsambandet skal gå.

Til Mexico

Men i januar neste år reiser «Island Performer» til Mexicogolfen, der det går inn i ein femårskontrakt.

Fantastisk ver

Veret innover til Geiranger var strålande, og gudmor Pamela Marie Williams frå USA var imponert over naturen. Gjestene kosa seg på dekk under heile turen innover.

Under "Dei sju systrene", stoppa skipet, og på andre forsøk knuste ho champagneflaska elegant.

Kristian Sætre meinte ramma rundt dåpsseremonien ikkje kunne ha vore betre.

-  Det er ein god start for «Island Performer», slo han fast.

Først då "Island Performer" kom til kai i Geiranger, kom regnet. Men då var båten døypt og gjestene kunne søkje ly i bussane opp til Union Hotel.

Det var med den eine regnelingen, og truleg betyr det også lykke for det nye skipet.