Avtalen vart underskriven i DIMO sine lokale fredag i middagstida – og før seansen nytta partane høvet til å oppklare og imøtegå ein del påstandar som har versert i media.

Ordførar Anders Riise var særleg oppteken av å vise kor viktig avtalen er for den indusrielle utviklinga i kommunen:

– Ved denne avtalen er  vi med på å bygge opp under og gjere framtida til ei bedrift som er her forutsigbar.

Frå 3 til 21 tilsette

DIMO AS starta opp som leigetakarar i godsterminalbygget i 2011. Den gongen var dei tre tilsette. I dag er dei 21 – og både dagleg leiar Stian Garnes og styreleiar Asbjørn Pilskog ser for seg at dei vil vekse vidare i åra framover. I tråd med det vil dei snarast legge i veg med ei utviding av lokala i retning Fløbuda og Megata. Denne satsinga har lege på vent fordi det ha drege ut med politisk avklaring av den tillyste salsprosessen.

DIMO lagar hydrauliske løysingar for skipsverft og reiarar og står no føre ei større satsing også offshore. Å gjere dette i same bygd som Hareid Group,  Ulmatec og andre maritime aktørar vil styrke det industrielle miljøet i Hareid.

DIMO har igjen sju år av den driftsavtalen dei inngjekk med Hareid kommune i 2011. Med den kjøps- og driftsavtalen som vart signert denne veka er avtaletida når det gjeld drift utvida til 20 år.

Måtte få satse på eiga hand

Anders Riise peiker på at det var DIMO som vende seg til Hareid kommune fordi dei hadde behov for auka areal. Kommunen kunne ikkje hjelpe dei med det på grunn av Robek-statusen. DIMO måtte då få høve til å satse vidare utan Hareid kommune. Alternativer var at dei flytta utatt til Ulsteinvik.

– Betalte eigentleg over takst

Stian Garnes og Asbjørn Pilskog imøtegår påstandane om at kommunen har selt under takst (4,6 mill. mot takst 5,0 mill.) ved å vise til at dei har investert godt over 1 million kroner i oppjustering av lokala etter at dei  gjekk inn som leigetakarar. Slik sett meiner dei at dei eigentleg har betalt over 5,5 mill.

Kommunen har full råderett

Anders Riise avviser også påstandane om at kommunen på nokon måte har gitt frå seg råderetten over godsterminalen.

– Vi har gjort ein god deal, seier han.

– Vi eig framleis sjølve  kaiområdet, inkludert plasthallen som står der.

Vil stimulere ny næringsverksemd

Ordføraren legg til at Hareid kommune si gjeld på godsterminalbygget er på ca 1,1 mill.

– Denne gjelda vil no bli sletta – og så vil dei overskytande pengane frå salet brukt på tiltak som skal stimulere for ny næringsverksemd i kommunen. Det vil kome ei sak om korleis kommunen skal disponere desse midlane.

Einaste tilbydar

DIMO AS var einaste tilbydar då kommunen lyste eigedomen til sals berre i Regionavisa og på Hareid kommune si nettside. Kritikken mot at dette er for lite, kan ordføraren forstå. Men han peiker på at driftsavtalen er minst like viktig som sjølve salet.

Det har også vore fokus på eit punkt i driftsavtalen der Hareid kommune skal investere i nye truckar når dette blir nødvendig.

– Dette er investeringar som vi uansett måtte ha teke dersom vi verkeleg er interesserte i å ha ein stad der ein kan ekspedere gods tjuefire timar i døgnet, slår ordføraren fast.