Fredag for snart to veker sidan var det i ferd med å gå riktig gale. Ein bilist som hadde alt for høg fart kunne treft ein liten gut som var på full fart ut i vegen.

– Dette sa soknepresten (Margit Lovise Holte) raskt ifrå om, og vi ser sjølvsagt alvorleg på det, seier Anders Myrene, kyrkjeverje i Ulstein sokn.

Hendinga, eller nestenhendinga, har fått følgjer, fortel Myrene.

– Teknisk sjef i Ulstein kommune, Arne Runar Vik, har sendt beskjed til Statens vegvesen, der han oppmodar dei om å få sett på plass eit varslingsskilt. Når det kjem på plass, veit vi enno ikkje, seier Myrene.

– Folk køyrer på

Myrene meiner folk må følgje betre med, spesielt når Kyrkjegata er ekstra uoversiktleg, slik som under gravferder tysdagar og fredagar.

– Akkurat no under opprustinga av Ulsteinvik sentrum, så går jo trafikken som kjent gjennom Kyrkjegata, for dei som skal utover. No er det også forkøyrsveg her. Difor trur eg folk har ein tendens til å berre køyre på. Dette kan skape særs farlege situasjonar.

– Vis omsyn

Myrene fortel at det er fleire som har stilt seg spørsmålet om forkøyrsregelen burde gjelde i ei gate som til tider er trong og uoversiktleg.

– Det hadde nok truleg vore betre å heldt på høgreregelen sjølv om det blei omkøyring. Då hadde folk vore nøydde til å stoppe meir opp for å sjå seg om, og difor kunne ein unngått slike nestenulukker som fredag for to veker sidan, seier Anders Myrene.

Han fortel at det ikkje berre var soknepresten som reagerte på forholda under gravferda, men også medlemmer av gravfølgjet sjølve.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå publikum som syntest dette var ubehageleg. Eg ynskjer no å oppmode alle bilistane som skal gjennom denne gata om å senke farta, og vise omsyn.

– Vi skal sjå på saka

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Torbjørn Vatnehol, seier dei jobbar med saka.

– Vi har fått beskjed om det. Eg har no sendt det vidare til rette vedkommande, og vi skal sjå på saka, seier Torbjørn Vatnehol.