I løpet av nokre veker skal den nye etterforskinga av brannen i Flusund vere ferdig. Men politiet slit med å finne årsaka.

Fire ungdomar omkom i brannen i eit bustadhus i Flusund 14. desember 2008.

Saka vart lagt bort i 2009, og politiet opplyste då at etterforskinga ikkje hadde avdekt at det var grunn til å mistenke nokon for å ha forårsaka brannen.

Men dei pårørande stilte mange spørsmål ved etterforskinga, og i mai i fjor opna Sunnmøre politidistrikt ny etterforsking.

Ikkje klart å avdekke årsaka

Kripos har no gjennomført fleire nye avhøyr, og i følgje Sunnmørsposten festar politiet lit til at avhøyra kan gi eit svar på kva som skjedde den skjebnesvangre natta. Det siste avhøyret vart gjennomført for få veker sidan.

Sunnmørsposten skriv at dei frå fleire kjelder har fått bekrefta at etterforskinga så lange ikkje har klart å avdekke årsaka til brannen.

Det som er klart er at det hadde vore fest i huset natta før brannen starta. Om lag 20 personar hadde vore innom huset. Politiet har snakka med fleire personar som ikkje tidlegare har vore avhøyrde, mellom desse er ambulanse- og brannmannskap.

Kripos har også snakk ein gong til både med ein mann som vart observert ved huset rundt tidspunktet for brannen, og vitnet som såg denne mannen.

Det er gjort nye DNA-analyser av materialet som var samla inn den gongen, det har vore rundspørjingar i nabolaget, og elektroniske- og andre spor er gjennomgått på nytt.

Pårørande vil ikkje uttale seg no

Odd Harald Hovde er bistandsadvokat for dei pårørande. Hovde seier til Sunnmørsposten at dei pårørande oppfattar etterforskinga som både omfattande og god, og meiner det har kome fram mange nye opplysningar. Dei pårørande vil ikkje uttale seg om inhaldet, men meiner den nye etterforskinga stadfester at det tidlegare politiarbeidet var mangefullt. Det erkjente også politimeister Jon Steven Hasseldag då saka vart tatt opp att i i mai i fjor.