På førre møte i Hareid Rotary Klubb vart Svein Smørdal tildelt heidersutmerkinga "Paul Harris Fellow", ei stor heidsutmerking i Rotary.

I Norge, som i dei fleste europeiske land, blir Paul Harris Fellow delt ut som eit heidersteikn frå klubbar som vil heidre ein person for samfunnsgagnleg arbeid over lang tid.

Under tildelinga i Hareid var det president Karin Svendsen Holstad og seremonimeister Jarle Kristiansen som stod for utdelinga.

Svein Smørdal for utmerkinga blant anna for sin mangeårige innsats som dirigent for korps i kommunen.

Gitt ein musikalsk kulturarv

I 1969 starta han som dirigent for Hjørungavåg skulekorps, og han har i lange bolkar også vore instruktør for aspirantane i Hjørungavåg.

I 1993 feira Hjørungavåg skulekorps 25-årsjubileum, og det vart opptakta til at mange tidlegare korpsmedlemer slo seg saman og danna Hjørungavåg Brass.

Sidan har Svein Smørdal vore dirigent for brassen i Hjørungavåg. Hjørungavåg brass har ei stabil standardbesetning på 27 musikantar.

I grunngjevinga heiter det også at Svein Smørdal har gitt bygda Hjørungavåg ein musikalsk kulturarv som folk er stolte av.