Herøynytt melder at politikarane i Herøy kommune no har starta prosessen som kan ende med ei kommunesamanslåing.

Då formannskapet i Herøy var samla til møte i dag, tysdag, var dei ikkje samde om kven dei skal slå seg saman med, med det var stemning for at Herøy kanskje bør slå seg saman med nokon. Nokre fann det naturleg å slå saman Herøy og Sande, som deler same øy. Ein var tilhengjar av å slå saman alle sju kommunane på Søre Sunnmøre. Nokre meinte Ulstein, Hareid, Herøy og Sande hadde blitt ein bra kommune, medan der også var politikarar som tok til orde for at Herøy er stor og robust nok aleine.

I denne diskusjonen skal ordførar Arnulf Goksøyr ha nemnd at det kanskje kan ha vore eit alternativ å slå saman Herøy, Sande og Dimna i Ulstein.

Sande + Herøy + Dimna?