I desse dagar har invitasjonen til Eiksundsamklangen 2014 gått ut.
Sidan Eiksundsambandet vil vere nedbetalt neste år, blir kortreffet denne gongen ein finale-samklang, opplyser pådrivarane Svein Eiksund og Øyvind Holsvik.
Samklang-konsertane har kvar gong presentert musikk og lyrikk som har sterk tilknyting til «Eiksundregionen». I dei første samklangane stod det kulturelle grunnfjellet i området i fokus. No blir perspektivet løfta mot fleire av vår tids komponistar. Ein sentral person i så måte er voldingen Magnar Aam, som til overmål har komponert eit tingingsverk, som får si urframføring. Herøy-komponisten Svein Møller får også ei særleg merksemd. Han er ein nasjonal kapasitet, med lokal bakgrunn frå Herøy - men dessverre døydde han så altfor tidleg.
Det blir også presentasjon av eit nylaga arrangement til ein song som sjølvaste Eiksundsamband-generalen Knut Nærø har ønskt seg. Nærø har runda dei 90, men er vonleg i full vigør på den store dagen neste år.
Deltakarkor i finalen blir:
Tolvtetten frå Herøy, Hemingen frå Ulstein, Hareid kammerkor frå Hareid, Sunnmøre Festivalkor frå alle kommunane, damekoret Sirene frå Sande, blandakoret Ervingen og Ørstakoret frå Ørsta, Volda vokal og Volda mannskor frå Volda - og Stryn blandakor. Sistnemnde vil representere dei på innsida av Kvivssambandet. Vanylven blandakor er også invitert med på laget.
Det store fellesnummeret frå våre kantar blir “Symra”, som har tekst av Anders Hovden og musikk av Johan H. Grimstad.
Volda kyrkje og Herøy kyrkje er utpeikte som konsertlokale. Konsertane der blir såkalla “surround-konsertar”, der alle koristane (om lag 300) står i ring langs veggane, medan publikum sit i midten. Volda kyrkje og Herøy kyrkje er store nok til eit slikt opplegg - i tillegg til at dei har ein god og djup klang, meiner musikalsk ansvarleg Svein Eiksund.
Det blir også arbeidt med å få til konsertar i Ørsta og Ulsteinvik.