Dette står å lese i årsmeldinga som blir lagt fram for generalforsamlinga på Hotell Ivar Aasen i Ørsta 27. mai.

Etter nesten fem år med full drift i bompengeselskapet kan styret sjå tilbake på ein auke i trafikken kvart år - og ein trafikk som har ligge langt over førehandsprognosane.

Opninga av Kvivsvegen i september sist haust har også gitt ein dytt oppover for Eiksundsambandet - og styret trur på ytterlegare auke når tunnelen gjennom Hjartåberget i Volda opnar til hausten.

Styret ventar seg derfor å avvik-le bompengeinnkrevjinga som-maren 2014. Dei trur også at trafikken vil auke ytterlegare når det blir gratis å reise.

Selskapet sin rekneskap for 2012 syner eit overskot på kr. 20.236.216,-. Det er kr. 2.288.059,- meir enn i 2011.

Bompengeinntektene i fjor var på kr. 41.847.464,- - mot kr. 38.792.589,- året før.

Driftskostnadene gjekk opp frå kr. 18.301.987,- i 2011 til kr. 19.924.870,- i 2012.

Eiksundsambandet AS har 343 aksjonærar og ein samla aksjekapital på kr. 2.832.000,-. Selskapet hadde ved nyttår ei gjeld på kr. 38.499.994,-.

Selskapet sin daglege leiar har ei årsløn på kr. 409.119,-, som gjeld for eit halvt årsverk. Styreleiaren får kr. 25.000,- i året, medan styremedlemene får kr. 10.000,-. Varamedlemer får kr. 1.000,- pr. møte.