Operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck ved Sunnmøre politidistrikt fortel til Vikebladet Vestposten at ein bil har snurra rundt på Nærya, like ved Einedalen skule i Herøy kommune.– Med det vi kjenner til, skal ikkje nokon vere skadd som følgjer av snurren. Rutinemessig rekvirerte vi ei ambulanse til staden i tilfelle personskade. Ifølgje vitner skal bilen har mista veggrepet i ein sving. Det skal ikkje vere snakk om for høg fart, opplyser han til lokalavisa. Eit vitne på staden fortel at bilen er skadd i fronten etter å ha treft autovernet. – Eine framhjulet er skeivt. Elles er bilen sopass skadd i fronten at den no blir frakta vekk med bergingsbil, fortel tipsaren. Det var vitner på staden som tipsa Sunnmøre politidistrikt om hendinga klokka 21.30 onsdag kveld.

Politi og ambulanse kom raskt til staden. Foto: John Birger Våge