Ei ekspertgruppe tilrår å flytte behandlinga av ekstremt premature fødde born i Ålesund til Trondheim. I dag behandlar både Ålesund og St. Olav nyfødde frå veke 23.

Sunnmøre regionråd reagerer no sterkt på at neonatal avdelinga kan vere i fare.

- I nasjonal samanheng har både St. Olav og Ålesund to relativt små neonatal seksjonar, men båe ligg heilt på topp ut ifrå data i det nasjonale kvalitetsprogrammet. Helse Midt-Norge har to gongar tidligare vurdert kvaliteten på tilboda i Ålesund og Trondheim utan å finne forskjellar. Kvifor vil ein då endre på eit tilbod i Ålesund som fungerar godt?

Uakseptabelt

Styreleiar Anders Riise og dagleg leiar Jan Kåre Aurdal har begge underteikna fråsegn frå Sunnmøre regionråd, med fleire bekymringar.

- Ein kan risikere at fagmiljøet smuldrar bort, som ein konsekvens av eit redusert tilbod i Ålesund i høve til beredskap og kompetanse overfor kritisk sjuke barn i Møre og Romsdal som er fødde til termin.

Regionrådet krev no at fagtilbodet ved Neonatalavdelinga i Ålesund vert ivareteke.