Snart er det 8. mai, Noregs frigjeringsdag. Det er også dagen då me heidrar alle veteranar og innsatsen deira for Noreg. No samlar Forsvaret inn historiene til veteranane.

Sidan 2. verdskrigen er me hatt 100 000 norske kvinner og menn i internasjonale operasjonar. For mange er det kanskje ukjent at så mange norske kvinner og menn har tenestegjort utanlands. Veteranar frå operasjonar i til dømes Tyskland, Libanon, Balkan og Afghanistan sit igjen med ulike opplevingar, men det er nokre fellesnemnarar: Veteranane våre er erfarne soldatar med praktisk erfaring frå krevjande oppdrag med oppgåveløysing under tidspress i komplekse situasjonar og i møte med vanskelege verdispørsmål.

Eiga nettside

For å samle inn historiene til veteranane har Forsvaret lansert nettstaden itjenestefornorge.no. Der er det fakta om alle internasjonale operasjonar Noreg har vore med i frå 1947 og fram til i dag. I tillegg oppmodar Forsvaret veteranar sjølv til å leggje inn historia si.

I følgje Forsvaret er det 25 veteranar i Ulstein kommune, dei ønskjer historia til alle saman.

– Med itjensestefornorge.no trur eg det blir enklare for dei her heime å setje seg inn i opplevingane veteranane har ute. Vetaranar kan med eigne ord fortelje korleis tenesta utanlands var, seier Forsvaret veteraninspektør Tom Guttormsen.

Forsvaret har til no fått inn 250 historier, men dei vil ha langt fleire.

Markering 8. mai

Forsvaret håpar at så mange kommunar som råd markerer 8. mai. Sidan mange av veteranane har spennande historiet å fortelje, trur dei at historia til ein lokal veteran kan vere utgangspunktet for eit vellukka arrangment.