Katten har vore sakna sidan april, men vert no gjenforeina med eigaren etter at saka låg på vikebladet.no i tre kvarter.

Vikebladet Vestposten har fekk denne mailen måndag kveld, frå nokon som hadde observert den bortkomne katten:

Katten på bildet har vore observert i Ulsteindalen sidan i vår. Han er veldig kjælen, og har heilt klart vore ein familiekatt. Etter vi kom frå ferie såg vi han igjen,då nede i feltet på Kolbeinhaugane.

Han er svært tynn, har rive av seg pelsen i store flak fordi han er så tova, og er svært kontaktsøkande.

Vi har gitt han mat og kos, men det må vere nokon som eig han. Det har vore lagt ut bilde av han på facebook, menutan hell. Vi prøvar no å finne eigaren via Vikebladet, for han vil ikkje overleve ein vinter ute sånn som han er no. Håper nokon kjenner han igjen så han får kome heim til familien sin, eller at det er nokon der ute som har lyst å overta omsorga for han. Formeir info, kontakt Vikebladet.