Vi har ei flott førjulstid på Hareidlandet med fint vêr og snødekke.

Også fotoforholda er fantastiske for dei som tykkjer om å ta seg ein tur ut i vinterkulda med fotokameraet.

Vikebladet Vestposten ynskjer å dele stemninga frå dei siste dagane gjennom denne biletserien.

Send inn vinterbilete

Vi ynskjer gjerne at de sender inn flotte vinter- og julebilete til oss.

Desse kan sendast på mail til journalist Joar Drønnesund si e-postadresse; joar@vikebladet.no.

Bilete teke i normal stilling (ikkje på høgkant) syner seg å gjere seg best i våre galleri.

Du kan sjølvsagt sende inn bilete teke på høgkant, men då med forbehald om at det må klippast for å passe.