Kommunen har budsjettert med ei avkastning i 2009 på 1,8 millionar kroner. Om ein budsjetterer avkastninga likt over heile året, skulle kommunen etter første kvartal ha ei avkastning på vel 450 000 kroner. Det har dei ikkje. Avkastninga etter første kvartal er på 46 811 kroner, altså 403 000 kroner mindre enn budsjettert. Men i sakspapira til kommunestyremedlemene står det at mars var ein positiv månad. – Held denne trenden fram vil vi oppnå ei avkastning som budsjettert, skriv økonomileiar Kari Mette Sundgot. Saka blir lagt fram som orientering på kommunestyremøtet tysdag 19. mai.
Nyhende →
-
Ulstein kommune får dårlegare avkastning på fonda sine enn dei har budsjettert med.