- Ord kan ikkje mildne og blomster kan ikkje lindre, men eg håper at de registrerer sorga og medsmerten, sa Johnsen til familiane til dei omkomne. Johnsen stod som leiar for ei gripande og vakker samling. Han streka under kor viktig det var å vere saman og dele byrder - lytte og be ilag. - Og bøna, sa Johnsen, - går ikkje berre ut på å "be om at noko skal skje eller ikkje skje". - Bøna er først og fremst ei rørsle i retning Gud. Bøna kan skje med heile sinnet og kroppen, og liknar den kjensla som oppstår når ein nærmar seg heimen etter å ha vore borte ei stund. - Bøna er som ein fosterbevegelse av takk, sa han i von om at minnestunda kunne ha ein slik funksjon. - Det hadde storma ei tid, sa presten. Men tre dagar hadde månen stått på førjulshimmelen, stor, raud og godmodig - og folk var glade. Men brått var alt over. Midt i den stille natta fatna elden. Fem sov. Ein av dei høyrde - og vakna. Utanfor tok "vinden" seg oppatt: Det kunne ikkje vere muleg? Og vi endar på ei branntomt og kan ikkje lenger smile, og hjertet sluttar å danse ... sa presten i si råkande ulykkesskildring. Under gudstenesta spelte Øyvind Granden Berg ein nykomponert melodi på tverrfløyte: "14.12". Tittelen er identisk med dødsdatoen. Den djupvakre melodien vart ikkje komponert den dagen, men tonane var henta ut frå kjenslene denne dagen - og nedskrivne to dagar seinare. Organist Terje Tjervåg utdjupa "14.12"-melodien med tunge, faste orgeltonar. Så vakkert var det, at soknepresten ba om ein reprise til slutt. Pål André Grimstad (trompet) og Daniel Moldskred Strand (piano) frå Hareid - venner og kjenningar av dei omkomne - framførte "Vitae lux" og "Amazing grace". Som innleiing spelte Granden Berg/Tjervåg "Bist du bei mir" av Johann Sebastian Bach. Mange prestar deltok med tekst-lesing: Knut Magne Dalsbø, sokneprest i Indre Heøry og Leikanger - Michal Møgster, sokneprest i Hareid - Nils Beite, soknerpest i Skodje - Ruth Glæstad, fungerande prost i Søre Sunnmøre prosti. Lensmann Per Otto Myklebust og Hildur Lied Hole frå Herøy kommune sitt kriseteam stod føre tenning av lys og forkynninga av namna til dei omkomne: Kamilla Grimstad, Kelly Nerland Remøy, Marius Voldsund og Steffen Myklebusthaug. Lensmannen konstaterte at dei fire no var identifiserte og dermed ikkje lenger hadde offisiell status som sakna. Salmar under høgtida var "Å ver hjå meg", "Ver meg nær", og "Ein fin liten blome". Avslutningsvis gjorde Oskar Grimstad, far til den eine omkomne, Kamilla Grimstad (17), seg til talsmann for dei næraste pårørande til dei omkomne og takka alle som hadde prøvt å lette dagane for dei. Han nemnde også kondolanseprotokollen på nettet der mange hadde sendt helsingar. Herøyordførar Arnulf Goksøyr hadde også ordet - og sa i ei av vendingane sine at han håpte at undersøkingane som skal vere på branntomta vil gi svar som ein kan nytte til å gjere heimane våre tryggare.