Etter alt å døme var fyllekøyring inne i biletet då ein bil vart krasja i Hjørungavåg. Men politiet prioriterte ikkje å huke føraren inn til promillekontroll. – Skuffande, og alvorleg, meiner mannen som tipsa politiet.
Slik såg bilen ut etter samanstøyten med ein mur langs fylkesvegen i Hjørungavåg onsdag i førre veke. Føraren <B>forlét</B> åstaden, og privatpersonar måtte til slutt få taua bilen bort med ein traktor.