19. november fekk Aasen Bil-demontering AS i Brandal skøytet på eigedommen som dei har leigd av Martin Karlsen dei siste 18 åra. Karlsen ville selje, og Aasen Bil-demontering ville kjøpe. Difor gjorde dei ein handel på eigedommen som var tinglyst til fire millionar kroner.

Dagleg leiar Jonny Aasen i Aasen Bil-demontering AS fortel at dei har jobba lenge med å få avtalen i hamn, og at dei no vil nytte heile arealet til vidareutvikling.

– Vi har 55.000 demonterte deler på lager. Og det krev plass. Difor vil vi utvide arealet slik at vi får rom til å demontere bilar og lagre nye delar, fortel Aasen.

Verksemda opplever auke i både delesalet og omsetnaden, som ligg på om lag sju millionar kroner i året. Dei har i dag seks tilsette. Tre tilsette på delesal, og tre tilsette på bildemontering.