Ei lokal investorgruppa tar over hotella Nordfjord Hotell og Bryggen Hotel i Nordfjordeid.

Nordfjord Hotell Eigedom as ved Eli Førde, Jostein Aarskog og Jan Martin Frislid, har siste par åra arbeidd med å finne løysingar med nye drivarar og eigarar av hotellet.  Eli og Jostein har hatt ansvar for hotellet sidan januar 1982, men har no nådd pensjonsalder og ønskjer å sleppe nye krefter til.

Hotellet har 54 rom, ny og flott møteroms/selskapsavdeling, flott SPA-anlegg og fin hage. Dei har jamnt investert i vedlikehald og utbyggingar for å tilpasse hotellet aktiviteten i området.  Dei eig også restauranten Expeditionen.

Dei gjorde i fjor avtale med Top Holding ved Tomas Perers som tok over driftsselskapet Nordfjord Hotell Drift as og fekk ansvaret for drifta  av hotellet og restauranten.

John Olav Lefdal  og Lefdal Invest kjøpte Bryggen Hotel av familien Hoddevik i 2006. Dei har pussa opp hotellet for store summar (rundt 20 millionar kroner) og kan i dag tilby eit sentrumhotell med 44 rom og fellesareal som restaurant, lobby, møtelokale og selskapslokale.

To blir eitt

I ei pressemelding heiter det at dei to hotella kvar for seg er for små for effektiv hotelldrift. Hotella har ganske likt konsept og er i direkte konkurranse med kvarandre.

Investorgruppa som kjøper hotella (og Expeditionen) består av Lefdal Invest as 40%, Borgund Industri as 40%, Kanon AS 5%, Dialog Assistanse AS 5% og Top Holding as 10%. Personane bak desse selskapa er John Olav Lefdal, Kjell Storeide, Trond Scott Kroken, Bjørn Myklebust og Tomas Perers.

Med dette vil hotella framleis ha lokalt eigarskap, noko dagens eigarar ser på som særs viktig.

Hotella vil no framstå som ei eining, med 100 rom til saman. Dei blir ein del av Scandic-kjeda.

Personalet ved dei to hotella  vil i stor grad kunne halde fram i stillingane sine. Administrasjonen av selskapet blir lagt til Nordfjord Hotell.