På leiarplass i dagens Vestlandsnytt rosar redaktør Endre Vorren sentrumsutviklinga i Ulsteinvik. Han skriv at Ulstein er ei båtlengd føre sin gode nabo Fosnavåg, for å illustrere det heile med Herøy kommune sitt slagord.

Fosnavåg har ikkje utvikla seg, men på langt nær så mykje som Ulsteinvik. Han rosar kommunen for samarbeidet dei folkevalde har med næringslivet.

– Medan Ulsteinvik blir stadig meir innbydande, dett Fosnavåg litt attom, skriv han. – Det er litt meir plass å boltre seg på i Ulsteinvik, og trongare i Fosnavåg. Men nettopp i ein slik situasjon er det ikkje noko sjakktrekk i Fosnavåg å plassere eit pumpehus på Almenningskaia, området som er det openberre arealet for fellesaktivitetar.

Redaktøren ser potensialet i Fosnavåg og meiner at det kan vere lurt å opprette ei prosjektstilling der reiseliv og turisme får meir drahjelp.