Det er vel heller unntaket enn regelen at snøen skal lave ned til jul. Likevel er det mange som håper på eit lite snødryss for å oppnå litt ekstra god julestemning.
Det ser diverre ut til at vi heller ikkje i år kan glede oss over ei kvit jul. For den som har ansvaret for snømåking er dette kanskje gode nyhende.
I følgje langtidsvarselet til YR.no vart det relativt mildt og tidvis ein del nebør i dagane fram mot julaftan. Sjølve julaftan vert det skya og ein temperatur på 2-3 grader. Men ingen snø altså.
I dagane framover kan vi, i tillegg til noko regn, vente oss ein del vind. Det er meldt om stiv kuling på Sunmøre i dag torsdag, minkande til frisk bris. Komande fredag og laurdag er det meldt sørleg liten kuling utsette stader på Sunnmøre, laurdag kveld minkande til sørvestleg bris. Søndag vil vinden kunne auke til sørvestleg stiv kuling i periodar.