Tal frå UP viser at 1.186 rusa bilistar blei stoppet i perioden januar– juni, skriv Bergens Tidende. Det er nesten 400 fleire sjåførar enn i første halvår i fjor.

Talet inkluderer både alkoholpåverknad og førarar som får utslag på narkotiske stoff i spyttprøver.

Den nye rekorden kjem mellom anna av at fleire sjåførar må blåse i alkometer. I tillegg har politiet byrja å bruke eit nytt testapparat som avdekkjer ulike stoffgrupper som amfetamin, men ikkje alkohol, opplyser politiet.