Sunnmørsposten skriv at Stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal bidrog med 72 munnlege og skriftlege spørsmål og interpellasjonar på Stortinget i sesjonen 2015/2016.

I snitt stilte kvar av dei ni representantane åtte spørsmål. Men ikkje alle var like aktive. Jenny Klinge (Senterpartiet) stod bak heile 27 skriftlege og tre munnlege spørsmål.

Det er heilt vanleg at det er politikarane i opposisjon som er aktive med å stille spørsmål. Helge Orten (Høgre), Harald Tom Nesvik (Framstegspartiet) og Elisabeth Røbekk Nørve (Høgre) stilte ikkje eit einaste spørsmål. Oskar J. Grimstad (Framstegspartiet) heldt ein interpellasjon.