Til møtet i Hareid formannskap måndag var avtalen om sal av Brandal skule enno ikkje signert, sjølv om signeringsfristen var ute.

Det er utarbeidt ein avtale mellom Hareid kommune  og Brandal Friskulelag om overtaking av gamledelen av skuleanlegget i Brandal. Men av ymse årsaker har ikkje partane fått på plass ein signert avtale.

Saka kjem likevel opp i kommunestyret 28. april, vedtok formannskapet.

Annika Brandal (V) peikte på at det hasta med eit endeleg vedtak ettersom skulestart i august var sett til ein dato og det veldig snart var sommarferie.

Etter det lokalavisa forstår ligg problemet i nokre juridiske avklaringar kring forsikringsspørsmål o.l. når «gamledelen» og kommunen sin del av bygget ligg vegg i vegg. Det kan vere snakk om å måtte etablere ein brannmur mellom dei to eigedomane.

Eit scenario kan vere at det kjem ei avklaring om avtalen i kommunestyret og at Brandal friskulelag får ein ny frist til å godta avtalen.