Tysdag for to veker sidan vedtok eit samrøystes samfunnsutval i Ørsta å gi Bucci Arkitektur & Design 50.000 kroner i lovbrotgebyr for korleis fasaden på Nordea-bygget i Ørsta blei. Ifølgje samfunnsutvalet oppfylde ikkje resultatet forventinga om lyse fasader, men heller mørke glasflater.

Framstegspartiet-politikar Inge Kolås sa ifølgje Møre-Nytt dette under samfunnsutvalsmøtet:

- Der var ein viss form for arroganse som var stor då dei heldt på. Hadde dei søkt om å få glasfasade hadde dei truleg fått det, men dei gjorde det utan løyve, og då er det rett og rimeleg at dei får dette gebyret.

- Vi har følgt krava

Denne utsegna og det faktum at selskapet fekk 50.000 kroner i lovbrotgebyr, forundra dagleg leiar i Ulsteinvik-baserte Bucci Arkitektur & Design, Iver Olaf Grimstad, då Vikebladet Vestposten tok kontakt med han.

- Kvar låg arrogansen? Det Kolås seier meiner eg usant. Eg får inntrykk av at han har fått dårleg informasjon, for rammeløyvet var gitt, og teikningane vi sendte inn var godkjende. Dette forstår vi lite av. Heile denne saka er hengt på bi-setninga som kom fram då dei laga vedtaket om rammeløyvet. Det skulle vere lyse fasadar i forhold til målsetjinga om Ørsta som «den kvite byen». Dette er ei setning som kan forståast på mange måtar, og det er her stridens kjerne ligg, seier Grimstad og legg til:

- Om her var altfor mykje glas, burde dette kome fram på ein konkret måte, langt tidlegare. Vi tolka det dit hen at det var områda utanom glasfasaden som skulle vere lyse. Vindauga er ikkje mogleg å gjere lyse. Vi har følgt kravet om ein lys fasade, med kvite murar utanom glasfasaden, meiner vi.

Har sendt klage kring vedtaket

No har Bucci Arkitektur & Design AS klaga inn vedtaket til byggesaksavdelinga i Ørsta kommune. Bucci ved Georg Grimstad viser til fleire punkt når dei grunngir kvifor dei klagar inn vedtaket. I brevet til kommunen, som også Vikebladet Vestposten har fått tilsendt, blir punkta sett opp slik:

1. Dei estetiske retningslinjene er ikkje eintydige

2. Reguleringsplanen har ikkje fagebruken som ein del av føresegnene.

3. Førehandskonferansen var fyrste møtet med administrasjonen, og prosjektet vart presentert i den form det seinare vart omsøkt.

4. Innstilling til vedtak i disposisjonssaka gav ingen signal om at fargebruk i dette prosjektet var relevant, noko vi heller ikkje forventa på bakgrunn av type bygg, plassering, karakter av oppgradering/ombygging m.m.

5. Samfunnsutvalet la så til det fjerde vilkåret i si einstemmige godkjenning av dispensasjonen. Korleis skal dette forståast? Vi la til grunn at geometri og fasadeoppbygging med glas stod ved lag då dispensasjonen og dermed rammeløyvet vart gjeve. Noko konkret pålegg om omarbeiding av prosjektet vart ikkje nemnd.

6. Ivar Aasen-gate 10 slik det framstår i dag er godt innanfor intensjonane i dei estetiske retningslinjene for Ørsta kommune slik vi ser det. (...). Skal Ørsta bli ein vakrare stad på sikt må ein ikkje "skylle babyen ut med badevatnet" men identifisere dei reelle trugsmåla mot "den kvite byen". Det er nok av lyse bygg i Ørsta som er skjemmande, så lyst er ikkje nok.

7. Vi meiner at dersom vilkår nr 4 (om lys fasade) var ei melding frå samfunnsutvalet om at søknaden om dispensasjon mangla eit punkt omhandlande fargebruk/materialbruk, så kunne dei enten kommentere dette og likevel gi dispensasjon (ettersom ein slik vilje truleg låg føre jmf. Inge Kolås), dei kunne alternativt avvise søknaden eller så kunne dei be om ein ny søknad der dette forholdet vart avklara.

8. Avslutningsvis vil vi bemerke at administrasjonen har vore lesbare og profesjonelle i denne saka. (...). Dei er imidlertid sette til å gjennomføre vedtak frå samfunnsutvalet som har svingt storeslegga kvar gong dei har vore i aksjon, no sist med lovbrotgebyr. Denne saka har medført negativ presseomtale og mykje tap av tid og fokus. Den som trur at vi går over lik for å berike oss sjølve kan studere våre regneskapstal og sjekke våre referansar. Vi er arkitektar som kjempar fram vakre og gode bygg og har stundom byggherre, stundom entreprenør og stundom kommunen som motpart i kampen. På fruktene skal treet kjennast. Er frukta god er treet godt. At vi skulle, mot betre vitande, uloveleg presse gjennom eit prosjekt som er øydeleggjande for Ørsta sin estetiske identitet i vinnings hensikt er latterleg. 50.000 kr kan skaffast, men vi kjenner oss personleg angripen og ser fram til å få saka vurdert av ein nøytral profesjonell part.