Fram oppmodar alle bussreisande om å vise tydeleg signal om at dei skal på bussen.

Det er ikkje alltid så greitt for bussjåførane å sjå folk på busshaldeplassen, eller vite om dei skal vere med bussen.

No som det er mørkt ute er det vanskeleg å få auge på folk i mørke klede utan refleks. Ikkje alle busshaldeplassar er opplyste.

- I tillegg er det slik at ein del haldeplassar blir trafikkert av fleire bussar. Det er også nokre haldeplassar der bussen berre stoppar når nokon skal av eller på. For å få mest mogleg effektiv køyring, hjelp det veldig om dei reisande viser tydeleg at dei skal på bussen som nærmar seg, seier Konrad Lillevang, seksjonsleiar i Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Oppmodinga frå FRAM:

1. Rett ut arma når bussen nærmar seg.

2. Bruk refleks på arma når det er mørkt.