Etter at vitna til Ulstein kommune var ferdige var det tid for Glen Børge Løset Flø sin advokat Lars-Henrik Windhaug å kalle inn sine vitne.

Det første vitnet var ein tidlegare medelev ved Ulstein ungdomsskule.

- Eg hugsar han som ein høgrøysta kar. Han var skarp, smart, men det var ofte bråk kring han. Han var oppteken av å kome seg ut av timen, seier vitnet.

Vedkomande fortalde at Glen Børge ikkje heilt følgde den sosiale kodeksen, og blei som ei målskive for andre.

- Han stakk seg ut. Hadde ein tendens til å klage veldig raskt, noko som førte til at mange ville ta han.

- Han var redd

Vitnet fortel at Løset Flø blei plaga mykje på ungdomsskulen.

- Det var mange som ikkje var snille med han. Han fekk trugslar mot seg, som til dømes "eg skal knuse trynet ditt". Han gøymde seg på klasserommet, då han var redd.

- Korleis reagerte han på desse trugslane? spurde Windhaug.

- Han var redd, som sagt. Eg hugsar han som redd.

Spesielt ein tidlegare medelev blei ein konstant trugsel for Glen Børge, fortel vitnet. Vitnet fortalde også at han hugsar godt eitt spesifikt tilfelle, der vedkomande også var med på plaginga av Glen Børge.

- Han sang "I'm singing in the rain" i dusjen, og eine og åleine på grunn av det gjekk vi inn i dusjen og piska han med handdukar.

- Eg hugsar eigentleg ikkje kva vi tenkte om dette, vi var mest opptekne av å ha det moro med han.

Vitnet fortel om ein annan episode der ein anna medelev, som ofte truga han, gjorde at han brakk ribbein.

- Korleis reagerte Glen Børge då det ringte ut til friminutt?

- Det eg hugsar best, fordi det skjedde så ofte, var at Glen Børge ofte var ute av døra nesten før det ringde ut.

- Var eit mobbeoffer

Vitnet fekk så spørsmålet frå ein av meddommarane om vedkomande vil seie at Glen Børge Løset Flø var eit mobbeoffer.

- Sett i ettertid vil eg seie det ja, sa vitnet.

Som også kunne fortelje at Løset Flø blei kalla for "apegut".

- Det blei sagt fordi han likna på ein apekatt.

Lett å plukke på

Ein tidlegare medelev frå barneskulen blei så kalla inn i vitneboksen.

- Slik eg hugsar det blei Glen Børge frå rundt fjerde klasse plukka ut som ein som var lett å plukke på. Han blei spytta på, slått til, kalla for mange stygge ting. Han var kjapp til beins, og sprang frå folk. Han sprang ofte frå folk som var ute for å ta han.

Vitnet fortalde også at han veit Glen Børge blei slått i magen, og at han fekk melk som var utgått på dato.

- Var det tiltak som blei sett inn for å få bukt med plaginga?

- Berre generelle, slik eg hugsar det.

- Eg slo han i magen

Ein annan tidlegare medelev frå barneskulen blei så kontakta via telefon. Advokat Windhaug byrja utspørjinga.

- Korleis hadde han det på barneskulen?

- Han var ofte redd. Folk sa dei skulle ta han. Det var fleire som sa dette.

Vitnet fortalde også om ein situasjon på ungdomsskulen, der ein medelev hang ut av eit vindauge og skreik til Glen Børge at vedkomande skulle drepe han.

Vitnet fortalde også at vedkomande sjølv slo Glen Børge Løset Flø i magen under ein klassetur.

- Eg budde på rom med han, og vi skulle få premie for å rydde rommet. Eg og dei andre gjorde det, men det gjorde ikkje han, han var meir oppteken av å slappe av på sofaen. Eg blei provosert, og gjekk inn og slo han i magen. Det var først seinare eg fekk vite at han hadde ein sjukdom som gjorde at han blei slapp, seier vitnet.

Ein av meddommarane spurde om vitnet som vaksen tenkjer tilbake på Glen Børge som eit mobbeoffer på barne- og ungdomsskulen.

- Ja, det meiner eg han var.