– Når vi kjem til Ulsteinvik er vi nesten på heimebane, kommenterer Vegard Hansen, som spelar trekkspel i Rotlaus. Bandet har basen sin i Ørsta, og spelar inn musikken sin hos Audiofarm Studio i Åmdalen, same studioet som bandet Vassendgutane brukar.

Men Vegard Hansen avviser kontant at dei to Ørsta-banda er konkurrentar.

– Vi er meir kompisar, og dreg nytte av kvarandre. Vokalisten vår, Bjørn Marius Øyehaug, var tidlegare trommis i Vassendgutane, og vi unner kvarandre alt godt, slår han fast.

Rotlaus har på kort tid blitt eit av dei mest ettertrakta livebanda i Noreg. Sjef Line Urke i Trebaat-festivalen fortel at dei 500 billettane som vart utlagde til konserten i festivalteltet vart rivne bort på null komma null. Festivalleiinga bestemte seg derfor for å utvide konserten til området utanfor teltet, slik at fleire skal få sjansen til å oppleve Rotlaus. Dermed vart nye 500 billettar utlagde – og desse er også no rivne bort. Og no er ytterlegare 200 billettar ute. Det blir også selt billettar i døra.

Bandet debuterte i 2015 med albumet «Bygderamp», og gjekk rett til topps på VG-lista. Sidan har bandet kome med ei rekke singlar, som alle har lege inne på dei norske topplistene. Album nummer to, «På veg», har fått mange gode omtalar.

I midten av mai i år la Rotlaus ut på turne, og har sidan turnert rundt om i store deler av landet. Der dei har reine konsertar blir billettane som oftast utselde.

Med i bandet er Bjørn Marius Øyehaug (vokal/gitar), Simen M. Rebbestad (gitar/kor), Simen Bjørdal (trommer), Vegard Hansen (trekkspel) og Anders Maristuen (bass).

– Folk likar at vi syng på norsk, og på dialekt. I tillegg prøver vi å lage fengande melodiar, seier Vegard Hansen.

Bjørn Marius Øyehaug er tekstforfattar og komponist, medan Simen Rebbestad er medkomponist på ein del av melodiane.

– Vi trur også at folk likar at det er pakka inn litt alvor under dei morosame tekstane, legg Hansen til.

Faculty of Funk varmar opp og spelar til dans

Både før og etter konserten laurdag blir det musikk med Faculty of Funck. Bandet frå Ørsta/Volda spelar groove-basert musikk frå 1960- og 70-talet. Dei opptrer med 6-manns/kvinner blåsarrekkje og fleirstemt koring toppa med ein kvinneleg klasse-vokalist. Repertoaret spenner frå Aretha Franklin, Stevie Wonder og Blood Sweat and Tears – til Tower of Power. Dei spelar til dans fram til klokka 02.00.

Kulturalmenningen/ festivalområdet laurdag 25. august kl. 20.30/22.30.

Varmar opp og spelar til dans: Faculty of Funk, med Bendik Hustadnes, Stein Henrik Vartdal, Per Arne Brandal, Knut Hunnes, Arild Andenes, Per Gunnar Flø, Geir Myklebust, UIf Kristiansen, Brynhild Hovden, Pernille Mouritsen, Linda Skarstein og Janne M. Grytten, spelar før og etter konserten med Rotlaus. Foto: Leiv Arne Grimstad