Karsten Warholm er ein av tre norske utøvarar som er tatt ut til å representere Europa under IAAF Continental Cup som blir arrangert i Ostrava, Tsjekkia 8. og 9. september.

Warholm og Yasmani Copello skal representere Europa på 400 meter hekk. Frå Norge er også Jakob og Henrik Ingebrigtsen plukka ut til å vere med på det europeiske laget.

Europa har vunne IAAF Continental Cup dei to siste gongane, både i 2010 og 2014.

På laget denne gongen er det heile 25 individuelle gullvinnarar frå EM i Berlin, og blant dei Karsten Warholm.

Sjå heile uttaket på nettsidene til det europeiske friidrettsforbundet.