Samlinga har fått tittelen "Reise gjennom sju vatn" - og Ulstein kallar forlaget sitt "Ura Forlag". - Samlinga er på ein måte ei livsreise. Ho tek til med eit kjærleiksdikt og sluttar med ein salme. - Kvar har du tittelen "Reise gjennom sju vatn" frå? - Er ikkje det eit uttrykk, då? Eg trur i alle fall å ha høyrt sagt at ting har vore "rensa i sju vatn" ... men kanskje er det noko eg sjølv har funne på. Eg veit ikkje, svarar Ulstein, som legg til at ein del av dikta er litt mørke, men han trøystar seg med at dei "stort sett har oppdrift". Når Ulstein har sagt at samlinga er ei slags livsreise, er han snar å presisere at det ikkje er ei reise gjennom dei ulike livsfasane. - Det er det ikkje, slår han fast. Ulstein fortel at boka påmeldt til kulturrådet. Han er sjølvsagt litt spent på korleis det er å selje diktbøker i stabel - slik det no truleg blir i dei lokale bokhandlane - kontra det at bokhandlane "gøymer "bøkene i hyllene. Her er nokre linjer frå slutten av boka: Du stabbar sakte mot kvelden Du ser larvespor i faret attende Eit barn spring frå deg Ein snigel pustar deg i nakken Du held ikkje lenger fylgje med tankane dine Tid no til å forlate sine spor Tid for sommarfugls vengeflukt. Jan Ove Ulstein Reise gjennom sju vatn Dikt - Ura Forlag