Ana Mendez og sonen Mynor Juarez kjem opphavleg frå Guatemala. Sidan hausten 2007 har dei vore på asylmottaket i Ulsteinvik. No vil dei starte opp gruppe for alle som kan litt spansk, men som vil lære meir. Gruppa er for folk som treng nokon å praktisere språket i lag med. Ana og Mynor vil undervise i grammatikk. Elles legg dei opp kurset etter kva deltakarane kan frå før. Mynor fortel at han og mora vil sende ut innbeding til dei som dei veit kan litt spansk frå før. Men kurset er òg ope for dei som ikkje får eiga innbeding, men som vil vere med. Gruppa skal samlast kvar torsdagskveld på infosenteret på Link. Der vil det bli kaffi, te og litt mat. Første kveld er 28. mai. Så då har spanskkunnige ei orsaking mindre for å ikkje halde språket ved like.