Teknisk utval har bedd Ulstein formannskap ta opp att dialogen med Hauge Eiendom med tanke på ei mogleg løysing for parkeringskjellar under tusenårsplassen. Vidare ønskjer utvalet at saka skal leggjast fram for kommunestyret snarast råd. Formannskapet vedtok å be administrasjonen utarbeide ei sak om parkering under tusenårsplassen for kommunestyret. I saksutgreiinga skal det leggjast vekt på det praktiske, økonomiske og tekniske i prosjektet, slik at kostnadene blir gjort kjende for kommunen.