Den nye eigaren av Vådalhuset var tenkt å leige første etasje ut til dagsenteret Sanzibar, som altså i dag lever eit bortgøymt liv i tredje etasje på Sparebank-bygget. Til møtet i formannskapet låg det føre ei positiv innstilling frå pleie- og omsorgssjefen, som mellom anna viste til at dagsenteret treng større lokale. Men formannskapet sa altså nei. Dei ville at administrasjonen skulle vurdere fleire stader for dagsenteret, og dei viste også til at første etasje av Vådalhuset er regulert til handel- og butikkdrift. Til møtet låg det altså føre eit brev frå Hareid næringsforum, underskrive av leiar Oskar Grimstad og nestleiar Erling Hareide. Der skriv dei mellom anna at dei reagerer på at dei nye eigarane vil bruke lokala i første etasje til noko anna enn handel. Slik vi har forstått det er husa i denne gata, frå ende til annan, regulert med første etasje til handel/butikkdrift. Dette ønskjer vi sterkt skal halde fram. Vi har ikkje fleire butikkar enn som trengst i sentrum, og vi som butikkgruppe/næringsforum arbeider for å få fleire butikkar til å starte opp. Men då trengst det tilgjengelege lokale. Hareid næringsforum ynskjer at Hareid kommune gir tydelege signal overfor eksisterande og nye butikkdrivarar om akkurat dette, skriv leiinga i Hareid næringsforum. Og dei avsluttar brevet på følgjande måte: Ved å gå inn for eit slikt forslag om ny bruk av gjeldande hus, vil ein etter Hareid næringsforum si meining ikkje påverke utviklinga av handelen i Hareid sentrum positivt, men heller reversere utviklinga.

Håper det ikkje er fordommar som ligg bak

Eldbjørg Ertesvåg er leiar i Norsk forbund for Utviklingshemma (NFU) avdeling Vestre Sunnmøre. Ho innrømmer at ho fekk seg ein stuss då ho såg sluttsatsen i brevet frå leiinga i Hareid næringsforum. Eg har ikkje lyst til å ta alt opp i verste meining, men både eg og lokalstyret i NFU har studert på kva det er dei eigentleg meiner med formuleringa. Vi håper det ikkje er fordommar mot psykisk utviklingshemma som her stikk opp i dagen, kommenterer ho.

Skal drive både butikk og kafe

Eldbjørg Ertesvåg kan opplyse både Hareid formannskap og Hareid næringsforum om at dagsenteret Sanzibar også skal drive butikk i det tidlegare Vådalhuset. Faktisk både butikk og kafe. Tanken var også at dei sommartida skulle lage til ein liten utandørskafe i hagen på oppsida av huset. Brukarane av dagsenteret Zanzibar lagar nemleg ei rekke flotte varer. Blant anna tova vesker og tøfler, puter, vovne løparar, fuglebur, påske- og julepynt. Problemet er at nesten ingen veit om dei. Det er få som tek trappa eller heisen tre etasjar opp i Sparebankebygget for å handle hos dei. Hadde Sanzibar hatt lokalet sitt i første etasje i sentrum, så hadde omsetninga gått kraftig opp, det er eg heilt sikker på, for dei lagar mykje fint, kommenterer leiaren i NFU Vestre Sunnmøre lokallag.

I tråd med reguleringsplanen

Ertesvåg har studert reguleringsvedtaka for Hareid sentrum, og ho slår også fast at eit dagsenter i Vådalhuset ikkje vil bryte med reguleringsplanen for Hareid sentrum. I paragraf 4.1.6. står det at første høgda skal som hovudregel ha funksjonar med tilgjenge for publikum (forretning, service og handverk). Dermed skulle dagsenteret Sanzibar passe ypparleg i sentrum, kommenterer Ertesvåg. Ha synest det er litt svakt av administrasjonen i Hareid kommune å ikkje gjere formannskapet merksame på kva reguleringsplanen for Hareid sentrum seier. At formannskapet brått vart så ivrige med å statuere eit eksempel med å be administrasjonen greie ut fleire lokale til dagsenteret, finn Ertesvåg også litt påfallande: Det var ikkje naudsynt verken når dei kommunale rekkjehusa på Holstad skulle seljast, eller når dei skulle finne lokale til statlege NAV. Men når dagsenteret, som treng betre lokale, vil flytte på gatenivå i Hareid sentrum, så blir det straks veldig vanskeleg, seier Ertesvåg, som håper dagsenteret snart kan få kome fram i lyset, i nye og funksjonelle lokale.

Sanzibar dagsenter lagar mange bruksting, og planen var å opne butikk- og ein enkel kafe i Vådalhuset.