I Engeskaret hyttefelt har ein hytte-eigar utført arbeid med gravemaskin, utan at naboen har motteke nabovarsel. På vegner av Engeskaret hytteforening skriv styreformann Jostein Velsvik til tiltakspersonen - med gjenpart til Hareid kommune - at det er gjort ein god del skade fordi det er brukt store og tunge køyretøy. Ein telefonkabel er avsliten, vegen er trykt ut fleire plassar og det må leggast nytt rør gjennom vegen for overflatevatn som tidlegare gjekk gjennom hulldekkelementet i vegen. - Vi vil vite kva tid desse punkta vert ordna, og vi skal godkjenne arbeidet når det vert utført, skriv Velsvik til tiltakspersonen.