Undersøkinga viser at "sjefane" er ei svært dominerande gruppe i nye-stortinget. Om lag kvar fjerde stortingsrepresentant smykker seg med tittelen direktør, sjef og sjølvstendig næringsdrivande. Oskar Jarle Grimstad vart dagleg leiar (i K. Grimstad Blikkenslagerverksted) alt i 1976 - og har sidan vore sjef i fleire ulike bedrifter: - Det var sunnmørsånda som trådte fram. Etter å ha teke fagutdanning som sveisar, ville eg ha litt fleire utfordringar og sitje på den andre sida av bordet også, seier han til Aas Avis. Han meiner den høge "sjefsandelen" på Stortinget er til å leve med: - Er du leiar, har du gått gradene. Som leiar blir du vand med å ta ordet - og då kan du nok kome i posisjon som politikar også, seier han. På det nye Stortinget er der altså ikkje ein einaste fiskar. Til dette seier Oskar Grimstad: - Ei enkelt yrkesgruppe er ikkje viktig. Det er verre dersom representantar for heile fagfelt manglar. Då kan det oppstå problem. Ideelt sett bør Stortinget gjenspegle samfunnet. Oversikta viser at det nye Stortinget har berre 1 bussjåfør, 1 frisør, 1 T-baneførar, 1 billettør/matros, 1 landpostbod og 1 jordmor. 13 oppgir å vere heilt eller delvis lærarar eller å ha lærarutdanning. 11 oppgir å vere studentar, 10 er legar og 7 gardbrukarar. Men altså: Ingen fiskarar.