Banksjef Kirsti Hareide Øvrelid ved Sparebanken Møre Hareid meiner den gode innskotsveksten syner at det er godt med ledig kapital blant kundane, medan utlånsveksten vitnar om at innbyggjarane i Møre og Romsdal har eit positivt framtidssyn. Sparebanken Møre legg ikkje fram resultatet frå dei einskilde bankane, men Hareide Øvrelid slår fast at Vestre Region, inkludert bankane i Ulsteinvik og Hareid stod for ei høgre utvikling enn gjennomsnittet, spesielt innan næringslivet. I talet på kundar er Sparebanken Møre største banken i fylket, både innan privatmarknaden og næringslivet. Den gode veksten i innskot og utlån i 2006 viser att på resultattala til banken. Trass i at marginane minka også i 2006, så auka resultatet i kroner som følgje av veksten i volumet. Og for første gong i historia til banken vart ikkje resultatrekneskapen belasta med tap. Kvaliteten på utlåna er god, det står godt til med kundane sin økonomi. Dei er gode betalarar, forklarer banksjefen på Hareid.

Størst vekst innan maritim sektor

Banken har eiga næringslivsavdeling i Ulsteinvik, leia av Svein Thue. Han opplyser at banken har vakse kraftig innanfor maritim sektor, men også innan eigedom. Verftsindustrien i regionen har mange langsiktige kontraktar. Følgjen er at også underleverandørane gjer det godt, og investerer meir enn tidlegare, forklarer han. Skort på kvalifisert arbeidskraft har fått mange til å ta til orde for tiltak som kan auke tilbodet av arbeidskraft lokalt. Thue meiner det er viktig å leggje tilhøva til rette for å få ungdom til å stogge i fylket. I åra framover blir det også naudsynt å gjennomføre tiltak som kan få utflytta møringar til å kome attende etter avslutta utdanning. Betre kommunikasjonar både inn til fylket og innan fylket er også viktige tiltak. Sparebanken Møre har engasjert seg aktivt i dette arbeidet, mellom anna gjennom å delta som arrangør av den årlege Mørekonferansen, opplyser banksjef Svein Thue.

Gir ikkje lån i hytt og pine

Utlånsveksten innan privatmarknaden meiner Hareide Øvrelid er ein konsekvens av at folk tener meir, og dermed investerer i hus. Banksjef Beate Gjerde Mork i Ulsteinvik, opplyser at banken har ein god vekst av kundar som har flytta frå regionen, men likevel held fast på Sparebanken Møre anten dei bur på austlandet eller i utlandet. Det er faktisk ei veldig viktig gruppe for oss, og dei er lojale kundar. Når dei til dømes skal gå på bodrundar i Oslo, sit vi klare og kan gje dei rask rådgjeving. Nærleik til banken er viktig for dei som bur andre stader, og alle kundane våre har ein fast kontaktperson, opplyser Gjerde Mork. Kirsti Hareide Øvrelid vil ikkje gå med på at banken låner ut pengar uforsvarleg. Vi gir ikkje kundane eit bustadlån på to millionar kroner utan å ha simulert renteoppgangen som vil kome. Vi skal gje kundane våre råd som dei kan leve med i minst 20 år framover, slår ho fast. Anslaga til Sparebanken Møre går ut på at det vil kome renteauke både i mai og juni, og at styringsrenta i desember 2007 vil vere på 5 prosent. Deretter vil det kome i utflating. Dei reknar med at styringsrenta i desember 2008 vil vere på 5,5 prosent. Dette er i tråd med SSB (Statistisk sentralbyrå) sine prognosar fram til 2010.

Fokus på kompetanse

Dei tilsette i banken er vårt beste kort. Vi vil ha rådgjevarar som er engasjerte og dyktige og har derfor kontinuerleg fokus på kompetanse og læring i organisasjonen. I motsetning til Sverige og Danmark er det ikkje innført minstekrav til finansielle rådgjevarar i Noreg. Sparebanken Møre ønskjer å vere i forkant av lova som er varsla om finansiell rådgjeving. Fleirtalet av rådgjevarane på personmarknaden har difor sett seg på skulebenken i regi av Handelshøgskulen BI. I løpet av dei siste åra har Sparebanken Møre komplettert produktspekteret sitt med mellom anna skadeforsikring og eigedomsmekling. Sistnemnde blir gjort gjennom Møre Eiendomsmekling. Snart blir Sparebanken Møre også å finne med eigne kontor i både Ørsta og Volda.