Nye rundkøyringar og industribygg som et seg inn på, gjer at det i Hareid finst krefter som har byrja å ore frampå om å rive samlingshuset Trudvang frå 1920. Men både Hareid Amatørteater, turngruppa til Hareid Idrettslag, Hareid Rockelaug og Bigset blandakor brukar huset, og i dag har dei ikkje noko alternativt lokale på Hareid. Det er kulturleiar Oddbjørn Grimstad heilt klar over. Eg vil ikkje gå inn for å rive Trudvang. Bygget er viktig for kulturlivet i Hareid, slår han fast. Problemet til områdeleiaren for kultur er kommunal mangel på pengar. Huset skrik etter oppussing, og Grimstad håper på å få litt private midlar til arbeidet. Han opplyser at planen er å måle Trudvang til våren, slik at det skal sjå penare ut. Han vil prøve å organisere ein dugnadsgjeng til dette arbeidet. Men på sikt bør det gjerast noko med det indre også. Huset har stått til forfalls for lenge, og det vil koste ein del å setje det i stand. Det er blant anna avdekt lekkasje frå taket. Statens vegvesen planlegg å byggje ei ny rundkøyring like ved Trudvang. Ei rundkøyring som skal gjere trafikkavviklinga til og frå riksvegen og Hareidsmyrane industriområde tryggare. I samband med dette arbeidet har vegvesenet kome med signal om at dei ikkje likar plasseringa til Trudvang, dei meiner bygget ligg for klin inn i riksvegen. Grimstad meiner ei løysing kan vere at det i samband med den nye reguleringsplanen blir laga ein veg som går frå rundkøyringa og på nedsida av Trudvang. Blir der parkeringsplass på nedsida, kan noverande parkeringsplass mot riksvegen sperrast att. Trudvang ligg under FDV-avdelinga sitt ansvarsområde (forvalting, drift og vedlikehald). Men områdeleiaren for kultur håper politikarane i kommunen ser verdien av å hegne om Trudvang, som dagleg blir brukt av både vaksne og unge kulturberarar.