Eldrerådet har med fleire uttalar til Sentrumsreguleringa, og no sist i denne saka vist til naudsynt opparbeiding av tursti, gangveg/sykkelsti mellom Ulshaugen og Alvehaugen med tilknyting til tur-/gangveg langs Sauneselva. Vegen må sjølvsagt tilretteleggjast for rullestolbrukarar. Denne vegen vil føre til at rørslehemma, særleg på Ulshaugen, vil få ein unik veg for turgåing og rekreasjon, meiner eldrerådet. Eg ser dette som ei særleg viktig prioritering for rullestolbrukarar og eldre rørslehemma for å kunne vere utanom sjølve sentrum med tilkomst til området ved elva og Alvehaugen, seier eldrerådsleiar Asbjørn Flø. Eldrerådet vil òg at det skal ryddast ein gangveg gjennom parken ved Bjørndals Minne, som kan brøytast for snø. Gangvegen må ha slik stigning at han er tilrettelagt for rullestol. Saka skal opp på kommunestyremøte i kveld, under saka om Leikeområde, parkar og turstiar i Ulsteinvik.