Røde Kors Hjelpekorps har no i ettermiddag køyrd opp dobbelt skispor i lysløypa på Eidet mellom Varleitet og parkeringsplassen på Hareidsida. Minitrimløypa er oppkøyrd med scooterspor. Det er også køyrd scooterspor frå Varleitet til Røde Kors hytta via Lågskjervane og Vikeskaret. Det er spor frå Røde Kors hytta til Mosvarden og vidare til Litlebroren. Der i frå spor til Bjåstadsætra og vidare ned i Osnesdalen igjen. Korpsleiar Jon Oli Arnason i Ulstein Røde Kors Hjelpekorps melder om at det er mykje snø og fint føre i fjellet. Han minner alle om å hugse fjellvettreglane og alltid seie i frå kvar dei går.
Nyhende →
Nykøyrde skiløyper
Ulstein Røde Kors Hjelpekors melder i ettermiddag om nyoppkøyrde løyper.