Gutane som går Vg2 maritime fag ved Herøy vidaregåande skule er begge sikre på at dei har gjort det rette i høve framtidig karriere. Jakob er frå Kvalsund i Herøy, medan Eirik bur på Hasund i Ulstein. Å studere maritime fag ved Herøy vgs og samtidig kunne segle ute på lokale offshore-farty, er eit veldig godt alternativ, meiner dei to. I løpet av vinterperioden har desse elevane ved skulen vore på utplassering og fått erfare det verkelege livet som ventar etter to år på skule, det som ventar ein i løpet av to år lærlingtid etter sommaren. – Dei fire vekene ute er veldig nyttige. Vi møtte mange kjekke folk og fekk mykje variert praksis, fortel dei to. Jakob fekk vere med supply-skipet Havila Foresight og Eirik ombord AHTS-fartyet Island Vanguard. Begge fekk praksisen i området ved Mongstad i Bergen i løpet av desse fire vekene før jul. Lasting og mobilisering var i hovudsak oppdraget til båtane i denne perioden. Jakob var om bord Havila Foresight i orkan styrke, ei kraftig erfaring å ta med seg. Avskrekkande var det derimot ikkje, i følgje den fornøgde herøy-tenåringen. For både Jakob og Eirik ventar no siste innspurten fram til sommaren. Elevane har framleis mykje å lære på land, ved Herøy vgs i månadene framover, før lærlingtida som tek til etter at skulen sluttar i juni månad. Etter to år som lærling vert det så høgst truleg to nye år på fagskule, før ei vidare planlegging av yrkeskarrieren. – Vi har tenkt å verte kapteinar, fortel både Eirik og Jakob. – Det neste steget vert no å søkje lærlingplass til hausten. Eg vurderer å søkje meg til Kystvakta eller Sjøforsvaret. Då får eg også gjort unna førstegongstenesta det første året som lærling, fortel Eirik. Jakob er ikkje like klar på at han kjem til å ta nøyaktig same veg, men lærlingtid, det vert det.
Nyhende →
– Har gjort det rette valet
– Det var veldig lærerikt med utplassering på skip. Vi har gjort det rette valet, meiner både Jakob Madsen og Eirik R. Ulstein.