Til liks med store deler av Hareid har ungdomsskulen vore utan vatn i natt. Ved teknisk etat har dei jobba på spreng i heile natt for å få tilførselen på plass, og i Hovlida kom vatnet att seint i går kveld. Men i området ved Hareid ungdomsskule er det ikkje vatn i røra enno. Rektor Marit Øien Sæverud opplyser at ho fekk beskjed frå områdeleiaren om at elevane måtte sendast heim att. Det går ikkje an å ha open skule for 220 elevar når der ikkje er tilgang på vatn. Dermed måtte rektor tinge to bussar for å få heim dei elevane som har rett på skulekyss. Ho håper vatnet kjem tilbake i løpet av dagen, slik at det blir vanleg skuledag i morgon, fredag.