Saka skal til handsaming i Levekårsutvalet tysdag 26. januar, og rådmannen rår dei til å seie ja til søknaden. – Hareid kommune ser dei positive verknadene for hareidssamfunnet som Hareidsstemna bidreg med, og gir med dette Hareidsstemna fritak for leiga av Hareidshallen i 2009, heiter det i tilrådinga. Avslag til Grendacupen Også Grendacupen, ved Kristian Angelsen har søkt om fritak av leige av Hareidshallen, for arrangementet 28.–29. desember 2009. Endeleg rekneskap/økonomisk resultat for Grendacupen 2009 ligg ikkje føre enno, men Angelsen har opplyst til kommunen at det ligg an til eit overskot på ca. 100.000 kroner. Døgnleiga for Hareidshallen var på 1400 kroner, utan garderobar og dusj. Rådmannen innstiller på å avslå søknaden, sjølv om Grendacupen er eit viktig arrangement både for Hareid IL fotball og for Hareid kommune. Men med bakgrunn i den økonomiske situasjonen Hareid kommune er i, og det forventa overskotet til Grendacupen, meiner rådmannen at Grendacupen bør betale husleiga for arrangementet. – Med eit overskot som forventa, vil ikkje betaling av husleige på rundt 3700 kroner gå nemneverdig utover overskotet til Hareid IL. Det vil styrke vedlikehaldsbudsjettet til Hareidshallen, som vil kome Grendacupen og andre til gode ved eit seinare høve, meiner han.
Nyhende →
Hareidsstemna ber om leigefritak for 2009
Hareidsstemna gjekk i fjor med underskot, og leiinga ber Hareid kommune om å sleppe å betale leiga av Hareidshallen i 2009.