Silje Brandal Coughlan (12) helsar på ordførar Hans Gisle Holstad etter at ho - som den yngste gjennom tidene - hadde stått føre den offisielle opninga av Hareidsstemna. Til v.: Stemnegeneral Kari Janne Ringstad. Foto: Leiv Arne Grimstad

I talen på Hareid rådhus laurdag ettermiddag sa Silje at Hareidsstemna, som no har vore i 49 år, er eit viktig arrangement å vere med på - også for dei unge.

- Hareidsstemna er først og fremst song og musikk, sa ho vidare og opplyste at det ikkje var frivillig, dei første gongane ho var med på stemnefestane.

- Det var fordi mora mi syng i Brandalskoret, fortalde ho.

Men kanskje nettopp det at ho fekk oppleve dette, trudde ho hadde vore med på å gjere henne så glad i song og musikk:

- Eg har ikkje teke skade av det, heller tvert om, sa ho og kom med eit sterkt ønskje om at politikarane i Hareid måtte gjere sitt for å oppretthalde musikk- og kulturskulen.

Og det var absolutt opningsord som vart sett pris på no når kommunepolitikarane skal inn i harde budsjettforhandlingar.