I løpet av kvelden 30. mai vart det sett ny rekord for Ørsta–Volda lufthamn, Hovden. Då passerte passasjertalet 10.000. Så mange passasjerar har det aldri tidlegare vore på ein månad på Hovden.

– Dette er fyrste gong vi når månadstal på over ti tusen passasjerar, seier flyplassjef Kjetil Årøen i Avinor til Møre-Nytt. Grunna Avinor sin policy, kan han ikkje gå ut med dei eksakte tala, men stadfestar altså at ein ny milepåle er nådd for flyplassen.

Rekorden vart markert med kaffi og sjokolade til dei reisande onsdag kveld.

Flyplassen sette årsrekord i fjor, med 99.600 passasjerar og Årøen føler seg rimeleg sikker på at den rekorden vert slått i 2012.