Supplyskipet Island Ranger vart levert frå Kleven Verft i april 2005. Fram til nyttår gjekk det i kontrakt for Hydro. Dei siste månadene har det lege ved Myklebust Verft i Gurskebotn, der det har blitt bygt om til eit fleirbruksfartøy. Island Offshore har inngått ein treårskontrakt med selskapet Oceaneering International, med opsjon på fleire år. Etter ombygginga har skipet fått meir motorkraft, nye thrustarar, ei stor kran, helikopterdekk og ein ekstra bustadmodul. Måndag reiser "Ocean Intervention" til Misund og I.P. Huse, der det skal laste om bord vinsjar som selskapet Edison Chouest Offshore i USA skal ha til eit nybygg. Chouest-reiarlaget er medeigarar i dei fleste skipa til Island Offshore. I eit år framover blir oppdraget til "Ocean Intervention" å rydde opp etter herjingane etter ein orkan i US-golfen i fjor. Deretter blir det to år med brønnintervensjonsoppdrag.