Bør Ulsteinvik Bowling få skjenkeløyve, er eitt av spørsmåla ulsteinpolitikarane må ta stilling til denne vinteren. (arkivfoto) Foto: Sindre Grønmyr Rise

Ulstein Bowling skifta eigar hausten 2007. Dei nye eigarane har no søkt Ulstein kommune om skjenkeløyve for alkoholgruppe ein og to (øl og vin).

Bowlingen har ikkje matservering. Dei driv hovudsakleg bowlingverksemd, med noko attåt (brus, slush, popkorn o.l.). Tanken er at øl og vin skal serverast over disk etter klokka ni på kvelden, og at ungdom under 18 år skal bortvisast frå bowlingen på det tidspunktet på kvelden.

Vil ikkje motivere til drikking

Sosialtenesta er negative til at Ulsteinvik Bowling skal få skjenkeløyve. Dei viser til at det er viktig at vaksne er gode rollemodellar for born og unge. Kva ein gjer er viktigare enn kva ein seier. Dei ønskjer å skape naturlege alkoholfrie soner der born og unge ferdast.

– I høve førebyggande arbeid, jobbar ulike etatar, instansar og enkeltpersonar systematisk for å førebygge mobbing, rusmisbruk og åtferdsproblem. I dette perspektivet er sosialtenesta skeptisk til at “vaksenverda” og ansvarleg næringsdrivande skal gå i motsett retning; å stimulere til meir drikking og alminneleggjere alkoholen i stadig nye samanhengar, skriv sosialtenesta i uttalen sin.

To alternativ

Levekårsutvalet får to alternative tilrådingar. Det eine går ut på å gje Ulsteinvik Bowling, med styrar Steven Pushparajah Karunasamy skjenkeløyve. Løyvet gjeld øl og vin frå klokka ni på kvelden til eitt på natta.

Det andre alternativet er å ikkje imøtekome søknaden.

Levekårsutvalet er samla til møte onsdag 18. januar. Då gjev dei si tilrådinga til Ulstein kommunestyre, som gjer endeleg vedtak i saka.