Spørsmålet om å byggje bustader ved Høddvoll har kome opp i samband med at Høddvollbarnehagen treng tomt til å byggje ny barnehage. Den nye barnehagen må stå ferdig 1. august 2008, for frå då av treng Hødd lokala sine sjølve. Kommunen sa nei til første tomta som barnehagen søkte om, med den grunngjevinga at det seinare kan bli aktuelt å utvide Ulsteinhallen. Barnehagen har no sett seg ut ei anna tomt. Grunneigarane skal ha meldt at dei er positive, men berre om dei kan få overdrege heile tomta. Men barnehagen treng ikkje heile tomta, og har difor vore i kontakt med Norhus. Dei har sett på det som aktuelt at dei nyttar området til bustader og barnehage. Noko som teknisk sjef såg på som ei grei løysing.

Kjøpe tomta

Men på møtet i teknisk utval denne veka leverte Lidbjørn Vattøy (KrF), Tor Meinseth (H), Astor Notøy (V), Olav Hansen (Ap), Gerd Fjellanger (Ap) og Elias Garshol (SP) fellesframlegg som vart vedteke mot ei røyst. Utvalet rår til at det blir starta privat regulering for gnr 9, bnr 1, 108 og 109, for å regulere inn barnehage med tilhøyrande trafikkområde og leikeareal. Dei kan ikkje tilrå at det blir planlagt bustader i det aktuelle området, særleg med tanke på intensjonane til Hødd om ein større idrettshall i framtida. Difor rår utvalet til at kommunen kjøper heile det aktuelle området og at barnehagen får kjøpe naudsynt tomt av kommunen.